Kva med praktisk kunnskap?

27.01.2020

Styreleiar i Kunst og design i skolen, Eivind Moe og redaktør i tidsskriftet FORM, Bibbi Omtveit, skriv om lærarsituasjonen i kunst og handverk i grunnskulen.

Teksten blei publisert i Klassekampen, 25.01.2020 og den er gjengitt under:

Kva med praktisk kunnskap?

Som forelder får du informasjon frå skulen om korleis barnet ditt meistrar faga. Men får du tilbakemelding om den faglege utviklinga til barnet ditt i kunst og handverk? Mange gjer ikkje det. Om læraren manglar kompetanse i faget, slik halvparten av dei gjer, er det ikkje rart om tilbakemeldingane er fråverande.  

           Interesseorganisasjonen Kunst og design i skolen og OsloMet - Storbyuniversitetet gjennomførte nyleg ei undersøking der vi spurte dei som er utdanna faglærarar i kunst og handverk i perioden 2008-2018 om dei jobbar som lærarar. 34 prosent jobbar ikkje som det dei er utdanna til. 62,2 prosent av desse oppgjer at grunnen er at dei ikkje får jobb. Med andre ord, kompetansa finst, men den blir ikkje bruka! Det er paradoksalt når vi veit at halvparten av dei som underviser i kunst og handverk i grunnskulen er heilt utan studiepoeng i faget. Dette er fleire enn det var for nokre år sidan.  

 

Dersom faglærarane i kunst og handverk får jobb, viser undersøkinga at dei ofte setjast til å undervise i andre fag. Elevane får altså ikkje nyte godt av den kompetansa dei har rett på og som staten allereie har finansiert. Med 623 timar frå 1.-10. klasse er kunst og handverk det femte største faget i grunnskulen. Til samanlikning er timetalet i engelsk 588. Mangelen på faglærarar i kunst og handverk er størst på barnetrinnet der det er flest timar i faget. Det fører til at elevane har store faglege manglar når dei byrjar på ungdomsskulen. Faglærarar som underviser i 8. klasse fortel at dei må lære 13-åringar å dele ein planke med sag, feste ein tråd eller klippe etter ein strek med saks. Vi er i ferd med å utdanne «generasjon kløne» som ikkje er i stand  til å meistre sjølv enkle, praktiske utfordringar.

            Kvifor slit faglærarane i kunst og handverk med å få jobb? Og kvifor får dei ikkje undervise full tid i det faget dei har utdanning i?

 

Det er nærliggande å tru at dette handlar om rektor si organisering av lærarstaben. På dei fleste barneskular er det slik at den same læraren underviser «si eiga klasse» i fleire ulike fag. Ein mogleg orsak til dette kan vere at det å bygge sosiale relasjonar og skape tryggleik blir sett på som viktigare enn at elevane møter lærarar med studiepoeng og kompetanse i faget sitt. Men er det slik at det å skape gode, sosiale relasjonar er viktigare enn at elevane møter fagleg dyktige og motiverte lærarar? Og treng det vere ein motsetnad? 

           Det er fullt mogleg å tenke seg ei organisering der faglæraren i kunst og handverk følgjer elevane frå 1.-7. trinn. Då kan læraren ha dei same elevane gjennom mange år og følgje elevane sin progresjon og læring. Det finst skular der rektor vel å gjere det slik.

           I dag krev ikkje lova studiepoeng i kunst og handverk for å undervise i faget på barnetrinnet. På ungdomsskulen er kravet 30 studiepoeng. Dersom skuleeigarar og rektorar ikkje tilset lærarar med studiepoeng, eller gjev desse lærarane andre oppgåver enn det dei er utdanna til eller ønskjer, bør statlege tiltak vurderast. Kanskje det må bli pålagt å organisere lærarstaben slik at undervisninga er til det beste for elevane si læring i det enkelte fag? Eller må skuleeigarar påleggast å rapportere lærarane sine studiepoeng i ulike fag og grunngje unntaka?

 

Kunnskapssamfunnet er eitt av Solbergregjeringa sine aller viktigaste mål; «Vi skal ha høgt kvalifiserte folk innan alle felt, enten ein er lege, tømrar eller byggingeniør. Vi treng både forskarar i verdstoppen og fagarbeidarar i verdsklasse. Vi treng folk med praktiske evner», uttala Solberg på NHOs årskonferanse i 2014. Ja Erna, du har rett. Men på same måte som elevane må ha ein kompetent lærar for å lære seg å lese og rekne, må dei òg ha ein kompetent lærar for å lære seg handverk og praktisk problemløysing. Kva for grep vil du ta?

Foto:

Besøk oss:

SEILET - Huset for kunst og kultur i skolen

Fossveien 24 (inngang fra Steenstrupsgate)

0551 Oslo

Postadresse:

PB 2073, Grünerløkka

0505 Oslo

Kontakt oss:

452 31 262

kontor @ kunstogdesign.no

  • Facebook Clean
  • Instagram Clean

Kunst og design i skolen

er medlem i SEF

Ansvarlig nettredaktør:

Bibbi Omtveit

 

© 2014 KUA DESIGN
Kristian.andaur@gmail.com