Debatt om strategiplanen

Skaparglede, engasjement og utforskartrong

10.10.2019

Regjeringa vil styrke dei praktiske og estetiske faga med strategiplanen Skaparglede, engasjement og utforskartrong. Det er vel og bra, men strategien inkluderar ingen krav om kompetanse hos lærarar eller auka ressursar til rammevilkår. Den svarar heller ikkje på om det skal innførast eksamen i dei praktiske og estetiske faga.

Difor spurte vi: Kva skal til for å setje planen ut i livet slik at den gjev ønskja resultat?

Deltakarar i panelet
Geir Salvesen, Instituttleder, Universitetet i Sørøst-Norge
Torstein Tvedt Solberg, Stortingsrepresentant fra Arbeiderpartiet, medlem av utdannings- og forskningskomiteen
Grete Horntvedt, Oslo Høyre
Lennart Johansson, Kunst og design i skolen
Ulrika Bergroth-Plur, Musikk i skolen
Line Wælgaard, Kunst i skolen

Frå venstre: Grethe Horntvedt (H), Geir Salvesen, Torstein Tvedt Solberg (Ap), Ulrika Bergroth-Plur, Lennart Johansson og Line Wælgaard.

På vegne av Arbeiderpartiet sa Torstein Tvedt Solberg ja til å innføre kompetansekrav for å undervise i dei praktiske og estetiske faga. Dette er godt nytt og noko vi vil følgje opp vidare.

Lennart Johansson, dagleg leiar i Kunst og design i skolen, snakka om rom og utstyr: utfordringar ved mangelen på utstyr og tilpassa rom.

Line Wælgaard er faglærar i kunst og handverk og styreleiar i Kunst i Skolen og snakka om fagets situasjon frå læraren sitt perspektiv.

Ulrika Bergroth-Plur, dagleg leiar i Musikk i skolen, heldt eit innlegg om korleis vi kan fremje faga si rolle i skulen.

KDiS_logo_vertikal_fullfarge.jpg

Besøk oss:

SEILET - Huset for kunst og kultur i skolen

Fossveien 24 (inngang fra Steenstrupsgate)

0551 Oslo

Postadresse:

PB 2073, Grünerløkka

0505 Oslo

Kontakt oss:

452 31 262

kontor @ kunstogdesign.no

  • Facebook Clean
  • Instagram Clean

Kunst og design i skolen

er medlem i SEF

© 2014 KUA DESIGN
Kristian.andaur@gmail.com

Ansvarlig nettredaktør:

Bibbi Omtveit