|
Ingvild Digranes disputerte 21. august 2009 over avhandlingen: “Den Kulturelle skulesekken. Narratives and myths of educational practice in DKS projects within the subject Art and Crafts”.
Når profesjonelle lærarar og kunstnarar møter kvarandre i samarbeidsprosjekt i Den kulturelle skolesekken (DKS), vert ulike verdisett for å grunngi innhaldsval og kvalitetsdommar i undervisingssamanheng aktivisert. Forteljingar om kva som er til det beste for DKS-programmet vert formidla gjennom ulike kanalar.
I DKS blir kunstverda og skuleverda brakt saman i undervisingssamanheng. Dei ulike verdiar og perspektiv dei to sektorane har med seg vert synlege i narrativer (forteljingar) der aktørane rettferdiggjer sin profesjonelle praksis. Desse narrativene eksisterar på alle nivå i DKS samarbeidet. Ikkje berre vert dei fortalt av lærarar og kunstnarar i praksis, men dei eksisterar også på dokumentnivå, i evalueringar, stortingsmeldingar og mediedekning.
Spørsmåla som vert handsama i denne avhandlinga er:
Kva narrativer om profesjonelle val og rettferdiggjering av desse vert frå Kunst og handverkslærarar og kunstnarar i DKS samarbeidet formidla til allmennheita?
Korleis og kvifor kan desse narrativene påverke samarbeidet og profesjonell jurisdiksjon i Kunst og handverksfaget og DKS-programmet?
DKS har sett scena for ei interessant polarisering av interesser. Dersom dei sterkaste argumenta hovudsakleg dei som er basert på medieskapte stereotypar og myter vert akseptert i staden for argument ein finn i evalueringsresultat, kva vil det varsle av endringar i DKS programmet, og for Kunst og handverkslærarane og jurisdiksjon over skulefaget?
Avhandlinga har som utgangspunkt medietekstar og evalueringsrapportar frå 2002 til 2008, rundt DKS området Visuell kunst og grunnskulefaget Kunst og handverk, i tillegg til offentlege dokument og intervju frå eit skuleprosjekt. Fokuset har vore på media si framstilling av samarbeidet i DKS, om dette samanfell med evalueringskonklusjonane, og kva konsekvensar dei ulike forteljingane får for organiseringa av DKS vidare.
Medienarrativene og den påfylgjande konstruksjonen av stereotypar og myter avslører fundamentale skilnadar i korleis kunstverda og skuleverda ser på barn, relevant faginnhald, kvalitet og utdanning, og også i korleis dei ser på posisjonen til DKS i ein skulekontekst. Dette har påverka dei profesjonelle grensene i DKS, og mediestereotypane som er introdusert til allmennheita har medverka til å forsterke eit eigarskapskrav utanfrå skuleverda.
Framtida for DKS, og om det skal ha form av eit likeverdig samarbeid heller enn ein mytebasert arbeidsdeling vert diskutert, og spørsmål om innhald og kvalitet innanfor undervisingsrammer og fagkunnskap og læringsmål er handsama.
Doktoravhandlingen kan kjøpes ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo.
|
|