|
Eg har av redaktøren av Form blitt utfordra til å kome med nokre betraktningar frå mi tid som styreleiar i organisasjonen. Dette gjeld åra frå hausten 1991 til hausten 1995.
Skal eg gje nokre karakteristikkar om denne tida, vil eg gje dei slike overskrifter:
Økonomi og arbeidstilhøve
Nettverksbygging
Kongens gate 4
Fagpolitisk arbeid
Frå å vere ein litt beskjeden organisasjon fekk vi gjennom nokre hektiske år på 90-talet høvet til å verte ei potent slagkraft som etter kvart sette sit preg på den nasjonale og politiske fagdebatten på denne tida. Vi kom etter kvart i inngrep med sentrale skule- og kulturpolitikarar, og vart etter kvart eit ”fyrtårn” i mykje av det fagpolitiske arbeidet i Noreg.
Oppsummerande vil eg påstå at organisasjonen gikk gjennom eit paradigmeskifte innan mange område. Dette vil eg forsøke å gje nokre korte grunngjevingar for i avsnitta vidare.
Økonomi og arbeidstilhøve
I samband med jubileet har eg hatt høve til å lese gjennom dei blada som vart produserte i mi styreleiarperiode. Les ein tilbake til 1990 i ”Forming i skolen”, som bladet heitte på 90-talet, ser ein at vi sleit med økonomi og medlemstal. Dette var alltid tema på styremøta i mi leiarperiode. Etter kvart gav kreativitet og målretta arbeid resultat; eg kan ikkje gå i detaljar her, men vi fekk gjennom desse åra rydda i økonomien vår. Dette førte til av vi kunne tilsette dagleg leiar og redaktør av bladet i stadig større stillingsbrøkar, og vi var ikkje lite stolte når styremedlemmane etter kvart kunne ta inn på billege hotell under styremøta. Utslitne madrassar på kontorgolva våre kunne få fri. Etter kvart kom òg tilgang på teknisk utstyr opp på eit akseptabelt nivå. Dette var viktig for oss; kommunikasjonen på kryss og tvers i heile landet vart særs mykje lettare då telefaksen vart teken i bruk av oss!
Det er personane bakom organisasjonen som ber den store børa i alt frivillig arbeid, og det var godt å vere leiar for ein organisasjon som etter kvart kunne gje både desse og dei tilsette gode arbeidstilhøve.
Nettverksbygging
FKS
I mange år pågikk eit uformelt samarbeid mellom dei estetiske faga i skulen. Det heile starta i 1975, og vart gjennom mest 20 år kalla SU (samarbeidsutvalet for dei praktisk-estetiske faga) Modningsprosessar tok tid, og på eit leiarmøte i april 1992 vart det semje mellom laga om å danne ”Fellesrådet for kunstfag i skolen” Den formelle stiftinga fann stad i Oslo 10. desember 1992, med verknad frå 1. januar 1993. Dei praktisk-estetiske faga hadde dermed fått ei formell fellesplattform og eit talerør, med felles mål og vedtekter. I mine år som styreleiar vart dette ein viktig organisasjon for faga. Vi kom i mykje større grad i direkte kontakt både med KUF og Kulturdepartementet gjennom FKS, og vi opplevde etter kvart å få stor medverknad i ulike meldingar og planar frå departementa.
Kunstfagleg nettverk
Ikkje alle nettverk vi tok del i på denne tida var like formelle. ”Nettverk for visuelle kunstfag” er eit slikt eksempel. I debatten om struktur og innhald i Reform 94 fekk mange organisasjonar og utdanningsinstitusjonar behov for eit felles talerør overfor det politiske miljøet. I dette arbeidet vart vår organisasjon eit naturleg ”nav”. Vi hadde den merkantile organiseringa på plass. Vi hadde ledig personalkapasitet. Vi hadde stor respekt innad i dei ulike ”eikene i hjulet”, og vi hadde mot og vilje til å ”stå på barrikadane”.
Både formelle og uformelle kontaktpunkt i dette nettverket gav varige spor i den skulepolitiske utviklinga av våre fag på 90-talet.
Kongens gate 4
LFS si flytting til K4 meiner eg at ein kan kalla eit paradigmeskifte i organisasjonen si historie. Vi var stolte då kulturminister Åse Kleveland kunne klippe ”innflyttingssnora” og ønske velkomen til ein av dei eldste bygningane i det gamle Christiania (1640). Saman med FKS hadde vi her selskap av Norsk Form, Senter for design, arkitektur og bygningsmiljø, og Norsk Arkitekturmuseum.
I ettertid ser eg at det å flytte saman i felles kontorlandskap i Kongens gate 4 saman med Norsk Form gav den einskilde fagorganisasjonen ein ny dimensjon; vi vart synlege i det politiske landskapet. Vi vart i større grad utfordra til å ta del i dei nasjonale fagdebattane og fekk etter kvart stadig større medverknad i utforming av fagpolitiske dokument som stortingsmeldingar og planar (2 og 4/93).
Fagpolitisk arbeid
90-talet var reformane sitt tiår. Gudmund Hernes var undervisningsminister, og reformfarta har vel aldri vore større enn under han. I same regjering sat Åse Kleveland som kulturminister og meisla sterke føringar for kulturliv og tradisjonar i landet.
R94
Skapte debatt. Mange var på barrikaden og gav uttrykk for frustrasjon og bekymring. Også vi i LFS. I nokre hektiske månader i 1994 vart det mellom anna tatt eit initiativ til å skape ”Nettverk for visuelle kunstfag”, ein organisasjon administrert av LFS/ v/leiar. Nettverket fungerte som eit felles talerør for mykje av dei meiningane fagmiljøa hadde kring dei nye planane i Reform 94. I ettertid ser eg at dette var eit klokt og nødvendig handgrep av LFS. Det var vi som var den rette organisasjonen til å handtere organiseringa av eit slikt ”opprør”, og vi ser at ”støyen” av dette arbeidet mellom anna nådde Statsråd Hernes slik at fornuftige endringar faktisk vart gjort (Forming i skolen 1/94).
L97
Med bakgrunn i innstilling frå FKS vart eg våren 1994 kontakta av KUF og bedt om å leie læreplangruppa som skulle utforme ny læreplan i formingsfaget. Eg skal ikkje kome så mykje inn på det konkrete arbeidet som her vart gjort, men meir gje eit innblikk i korleis LFS vart nytta og bidrog i arbeidet. Det var mange av dei som denne tida satt som styremedlem i dei ulike organisasjonane under FKS som kom med i planarbeid kring L97. Frå LFS var vi to: Liv Merete Nielsen og eg. I ettertid ser eg at det nok er med bakgrunn i organisasjonsarbeidet at mange av oss kom med i L97-arbeidet.
Dette førte igjen til at fagorganisasjonane, og for vår del LFS, fekk stor innflytelse på planarbeidet. Sjølv om vi som den gongen leia arbeidet med planane, vart bedne om å respektere ønsket frå departementet om at mykje av arbeidet i periodar skulle vere unntatt frå det offentlege, valde eg i Forming i skolen 6/94 å starte det som etter kvart vart kalla ”navnefeiden”.
Styret og redaksjonen i LFS hadde i fleire år gjort forsøk på å problematisere ”Forming” som namn på faget vårt, og eg tykte det var rett at ein no fekk nytte organisasjonen vår og dei kommunikasjonskanalane denne rådde over til å synleggjere debatten. Resten er historie, mykje er skrive og sagt om både prosessar og produkt, og eg vert framleis engasjert når eg les Forming i skolen frå denne tida.
Det som imidlertid er viktig for meg å få fram i denne samanhengen, er den rolla organisasjonen LFS spelte i denne hektiske reformtida då kanskje ein av dei viktigaste planane for vårt fag vart forfatta. At vi gjennom bladet vårt kunne skape ein nasjonal debatt, var viktig. Ikkje berre for namn, men mange gav i innlegg gode impulsar til innhald i planverket, vi fekk eit nyansert bilde av ulike meiningar som vart mest like viktige for oss som sat ved datamaskina i departementet, som dei offisielle høyringsutkasta var. Eg veit at fleire personar i toppen av både det politiske og det departementale miljøet fylgde debatten i bladet vårt denne tida, og fleire sentrale ”skulefolk” i Noreg gav ved fleire høve uttrykk for kor viktig det var å ha slike kommunikasjonskanalar.. Oppsummerande kan ein seie at røyndomen og nettverket til organisasjonen LFS kom til å prege mange element i Kunst og handverk i L97.
OPPSUMMERING
År gjev alder, og alder gjev klokskap. Slik sett bør Kunst og design i skolen vere naturleg som kontaktpunkt og rådgjevar når ”lerret skal strekkast” og nye vegar anleggast. Som medlem i laget veit eg at dette vert gjort. Like viktig er det at organisasjonen er den fagpolitiske vaktbikkja vi i all samfunnsutvikling treng; denne rolla kan av og til vere
tung å bere. Då er det godt å ha gode venner både på individ- og organisasjonsnivå, som veit at saman er vi sterke.
Eg ynskjer jubilanten og det sittande styre lukke til vidare med ymse slags arbeid. Det er eit viktig arbeid de gjer, både for dykk sjølve og for komande generasjonar. ” Ein vert både hamra og får hamre” som styremedlem i organisasjonen. Ein er på ein måte i eit veksthus eg ikkje veit fins andre stadar. Ta vare på denne tida; det eg har fått av kunnskap, erfaring og kameratskap gjennom arbeid i Landslaget, veit eg no at eg tek med meg gjennom resten av livet.
Gratulerer med jubileet. |
|
|