|
|
|
|
|
|
|
 |
|
| Et løft for Formgivingsfagene |
|
|
nr 2 - 2010, s 24 - 26 |
|
| Av Ingvild Digranes |
|
|
 |
|
|
|
|
| Bildet viser konferansedeltakere i Utdanningsforbundets konferansesenter. Foran fra høyre: høgskolelektor Thurid Vold og Liv Merete Nielsen, professor, begge fra Avd for estetiske fag, Høgskolen i Oslo, Ragnhild Lied, nestleder i Utdanningsforbundet, Frithjof Bringager, seniorkurator ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og Gunnar Danbolt, professor ved Universitetet i Bergen. |
|
15.februar gjekk konferansen Et løft for Formgivingsfagene av stabelen i nye Lærernes hus i Oslo. Eg må innrømme at eg hadde gledd meg til dette. Ikkje berre er fokuset på nedgang i søknad til SSP med Formgjevingsfag ei viktig sak, men dei inviterte føredragshaldarane representerer spanande stemmer frå ulike delar av fagområdet. Det nye bygget var ei perfekt ramme rundt konferansen.
|
|
|
Opning
Dagen vart sparka i gang av Ragnhild Lied, nesteleiar i Utdanningsforbundet. Ho understreka at sjølv om L06 har opna for at Formgjevingsfaga skal kunne spele ei større rolle i vidaregåande skule, har det enno ikkje lukkast å gje desse faga den plassen dei fortener. Faget har no eit kritisk, miljømedvite konsumentperspektiv, og er i så måte svært viktig for framtida.
Politikarar snakkar gjerne om entreprenørfag, innovasjon og utvikling, men då kopla til realfaga, medan næringsliv og kulturliv på si side jobbar nært saman for å skape prosjekt. R. Lied framheva at denne tanken om koplinga mellom realfaga og formgjevingsfaga må fremjast også i høve til skulen. Synleggjering av dei høva som ligg i SSP med Formgjevingsfag er avgjerande for at tilbodet vert nytta til fulle. Det første steget i å auke søknaden er at elevane får kunnskap om at tilbodet finst. Det må synleggjerast på vilbli.no i søknadsprosessen, samstundes som fagfeltet må sikte mot det endelege eit eige utdanningsprogram på linje med Musikk, dans og drama. Det kom klårt fram at dette er saker Utdanningsforbundet også ser på som viktige.
Frå filosofi til klasserom
Programmet for dagen var variert, og Professor Gunnar Danbolt starta dagen med å gje eit filosofisk blikk på faget. Han trekte trådane attende til tida då kulturomgrepet vart utvikla som grunnlag for menneske si danning. Marcus Tullius Cicero lanserte tanken om eit skilje mellom menneske og dyr. Alle er samde i at mennesket er eit dyr, samstundes er det semje om at mennesket er noko meir enn det. Det er menneske si oppgåve å verte et menneske (humanus) gjennom Cultura animi å dyrke opp det menneskelige. For å dyrke det menneskelege må nokon ta på seg oppgåva å trene og danne dei moralske evnene. Dette er kulturen si oppgåve gjennom estetikken.
Dette klassisk-humanistiske synet på kultur som felles grunnlag, vart utfordra den augneblinken vi starta å sjå på mennesket som eit individ med særeigne individuelle kjensler. Dette er individuelt, medan utdanning skulle vere til dei felles verdiane. Her kjem menneskets natur inn, og kultur vart lokalisert i fellesreferansane heller enn i einskilindividet si danning til menneskelege kvalitetar. Resultatet var at omgrepet kunst vart introdusert. Kunst var tidlegare noko som imiterte ei form for røyndom, men no såg ein på kunst som noko anna. Det var no eit uttrykk for den individuelle kunstnar sin kreativitet. Det som kjenneteikna ein kunstnar var evna til å kombinere personlege kjensler til allmenn gjenkjenning.
Det er denne forståinga som ligg til grunn for faget slik det no er utforma. Kunsten skal gje oss noko som utfordrar oss, og som vi ikkje forventar. Det bryt difor med det vi vil ha, for vi vil ha det behagelege. Kunsten utviklar seg difor i brot, og vi som ser det veit ikkje korleis vi skal halde oss til dette. Kanskje vi i faget i dag kan seie at dette er viktig i danningsprosessen, at vi heile tida øver oss i å sjå på det andre og dei andre, som vi ikkje er vande til å sjå?
”Ukens bilde”
Denne utfordringa som kunsten kan presentere elevar vart synleggjort gjennom prosjektet ”Ukens bilde”. Frithjof Bringager frå Nasjonalgalleriet fortalde engasjert om dette pilotprosjekt med digital kunstformidling i den vidaregåande skule. Fokuset har vore på det som er annleis, for å opne for at elevar kan reflektere vidare ut over faget sine grenser. I tre år har Nasjonalgalleriet og Persbråten videregående skole samarbeida for at alle elevar ved skulen, ikkje berre ved Formgivingsfag, skal kunne møte kunsten. Kvart semester vert det drøfta kunstverk som skal ligge i årsplanen, kva fag dei skal inn i, og kven av lærarane som skal utvikle oppgåver for dei ulike faga. Elevane stilte seg først spørjande til prosjektet, men viste etter kvart at dei tykte det var ein positiv del av skulekvardagen.
Hus og kunst
Biletkunstnar Jorunn Sannes representerer ei sterk stemme frå praksisfeltet. Ho fortalde om prosessane ho nytta seg av i arbeidet sitt. Ho har hatt ansvaret for store utsmykkingsoppdrag, mellom anna til det nye Lærernes hus, taket på det nye operabygget og biblioteket i Alexandria. Det vart tydeleg at fokuset hennar, som maktar å kople ein overliggjande ide med dei avgrensingar og høve som ligg i fysiske rammer, tilgjengelege materiale og teknikkar, var ankra i praksis. Vinklar, djupne og lys/skugge, dag og natt er viktige element, og ho la vekt på at prototypar i ulike storleikar var naudsynte i utforskinga.
Snøhetta
Kjetil Thorsen frå Snøhetta var óg oppteken av det praktiske aspektet i utvikling av nye bygg. For å utvikle god arkitektur, må nokre faktorar liggje til rette. For å skape eit produkt må ein ha ein medviten plan, og samstundes innsikt i andre ekspertar sine utfordringar (transposisjonering). Fyrst må ein gje den einskilde kjensla av å kunne bidra med og utvikle sitt beste, og ikkje avgrense eit potensiale sjølv om det skal inngå i eit fellesskap. For det andre er det svært viktig at det analoge og digitale ikkje kan fungere separat, men at ein må få tak i den kombinasjonen som ligg i dialogen mellom desse. Dei utviklar kvarandre og styrkar kvarandre. Verkstadane vert viktige, og Snøhetta har ambisjonen at 40% av det som går føre seg skal vere verkstadbasert for å motverke einsrettinga ein ser dersom dataprogram vert nytta. Kanskje SSP Formgjevingsfag kan vise seg å vere ein veg mot styrka verkstadkunnskap hjå framtidige arkitektar?
Skulebygget som læremiddel
Professor Liv Merete Nielsen tok opp sjølve skulebygget som eit felles referansepunkt for refleksjon om kvalitetar ved dei fysiske omgjevnadane. Alle har gått på skule. Alle hugsar sitt første klasserom. Skulebygget i seg sjølv kommuniserer verdiar. Skulebygget si utforming er ein sum av ulike faktorar: Økonomi, retningsliner, kunnskap om læringsmiljø, tingarane, arkitekten, brukarane, og allmenn debatt om arkitektur. Som refleksjonsbase, kan skulebygget vere eit felles utgangspunkt for å skape diskusjonar og refleksjonar rundt funksjon og estetikk.
I bygging av nye skular er det er ikkje nok at arkitekten er dyktig. Dei andre involverte må også ha kunnskap. Ein masterstudent som i oppgåva si såg på dei skulebygga som hadde fått Skulebyggprisen 1998 2004 konkluderte med at dei låg flott i terrenget og såg eksternt ut som signalbygg. Innvendinga var at bygga innvendig fekk same utforming som før. Kunst og handverks-/Formgjevings-verkstadane ligg framleis i kjellaren. Barn er avanserte lesarar av den fysiske ramma rundt skulen. Når det vert eit gap mellom intensjon og røyndom fokus på heving av kunnskap, men manglande opprusting av skular, kan dette føre til at skulen misser status. Dette, saman med plassering av ulike rom kan problematiserast i dialog med elevane.
|
|
 |
|
|
|
|
Liv Klakegg Dahlin, høgskolelektor, Avd for estetiske fag, Høgskolen i Oslo, leia konferansen.
|
|
Gunnar Danbolt, professor, Universitetet i Bergen |
|
Liv Merete Nielsen, professor, Avd for estetiske fag, Høgskolen i Oslo. |
|
 |
|
|
|
For nye Lærernes hus var ideen eit spegelbilete som formidlar innhaldet og funksjonen til bygget. Jorunn Sannes jobba fram eit silketrykk basert på bokstavar og teikn, og ein prototype i full storleik vart prøvd før avgjerda vart teken. Fasaden har fått spegelfelt, der sol skapar skuggar av bokstavar. Om dagen skapar dette skjerming frå sol og innsyn, medan bygget på kvelden fungerar som ei lampe med innsyn heller enn utsyn.
|
|
Kjetil Thorsen, direktør Snøhetta.
|
|
|
Design, innovasjon og bærekraftig utvikling
Leif Verdu-Isachsen, fagsjef i Norsk Form, fokuserte på brukarsentrert design. Han snakka om retningar som: Usability, Design for samfunn, Sosial bærekraft, Tenestedesign, Helsedesign, Design for alle, Universell design, og Blue ocean strategy. Felles for alle desse er eit syn om at ein brukarsentrert prosess vil gje betre produkt. |
|
 |
Det han framheva som viktig i denne designprosessen er å fokusere på dei ulike stadia: 1) Kva vil du oppnå og kva middel treng du? Kven er brukarane (Tenkt)? 2) Gjer produktet det du har tenkt/stemmer det med brukarbehov (Test)? 3) Kva må vi endre, kva kan vi halde på (Lær)? Denne ”Tenk Test Lær” prosessen kan gjentakast så mange gongar ein vil fram til ferdig produkt og er like relevant i skuleprosjekt som i profesjonelle designprosessar.
|
|
| Leif Verdu-Isachsen, fagsjef, Norsk Form. |
|
|
 |
Kva var visjonen og kvar er vi på veg?
Åse Kleveland, Direktør for Rikskonsertane, understreka at kultur ikkje er ein sektor, men ein sektorovergripande funksjon i samfunnet. Ansvaret for heilskapen må difor inn i ei brei satsing for at einarane kan dyrkast fram. Kleveland ga skule-Noreg ei utmaning: 2. oktober er den internasjonale arkitekturdagen. Kva om alle skular i heile Noreg går ut i det lokale bygdemiljø og ser på estetikk, brukarvenlegheit, plassering etc. Då vil det leggjast eit grunnlag for at borna vil bli betre brukarar og konsumentar som vaksne.
Ho slo fast at vi etter L06 sit med høve til å skape eit flott tilbod i vidaregåande skule, men det verkar diverre svært forvirrande for elevar og foreldre som skal setje seg inn dei mange val opne for dei som skal søke. Her spelar grunnskulen ei avgjerande rolle. Elevane må der oppfatte fagområdet som viktig, spanande og må ha fått lyst til å lære meir, slik at det ikkje vert personavhengig, og knytt utelukkande til skular med eldsjeler.
|
|
| Åse Kleveland, direktør, Rikskonsertene. |
|
|
Ildsjelprisen 2010
Eldsjeler er likevel viktig for faget, og Kleveland fekk æra av å avslutte dagen med å dele ut Ildsjelprisen 2010. Nasjonal senter for kunst og kultur i utdanninga og Kunst og design i skolen arbeider med å finne dei eldsjelene som brenn sterkast. Prisen i år gjekk til Brit Iren Hetland Haavik ved Forus videregående skole, for arbeid med synleggjering av faget på fleire arenaer som t.d. skulen sine nettsider og utvikling av d&b (del det du har, bruk det du får) sider på internett.
Punktum for dagen vart eit riktig løft for Formgjevingsfaga då mottakaren av prisen fastslo: ”Eg har verdens beste jobb, verdens beste elevar, verdens beste leiing og verdens beste kollegaer!” Med dette ringande i øyrene gjekk i alle fall eg smilande heim. |
|
 |
|
|
|
| Nasjonal senter for kunst og kultur i utdanninga og Kunst og design i skolen arbeider med å finne dei eldsjelene som brenn sterkast. Prisen i år gjekk til Brit Iren Hetland Haavik ved Forus videregående skole. Prisen ble overrakt av Arild Johnsen fra Nasjonal senter for kunst og kultur i utdanninga og av Åse Kleveland, direktør for Rikskonsertene. |
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|